Lars Erik (10): – Eg tek edderkoppen i handa og slepp den ut

Vi har snakka med Steffen, Lars Erik og Teodor om korleis dei reagerer om dei møter ein edderkopp.

Steffen Slåbakk Haugan (10)

FOTO: Madeleine Kaldestad

Korleis reagerer du om du ser ein edderkopp heime?

– Eg reagerer ikkje, eg tenkjer berre “ok, der var det ein edderkopp”, så ordnar mamma resten.

Har du ein god edderkopp-historie?

– Eg har faktisk ikkje sett ein edderkopp sidan vi budde i det gamle huset. Så då blir det ikkje mange historiar.

Lars Erik Petterson Fjelland (10)

FOTO: Madeleine Kaldestad

Korleis reagerer du om du ser ein edderkopp heime?

– Det gjer ikkje noko. Eg tek edderkoppen i handa og slepp den ut.

Har du ein god edderkopp-historie?

– Ein gong rydda veslebror, mamma og eg i nokre esker. Der låg det ein edderkopp på lur, og veslebor blei livredd. Han trudde den kom til å ete han, så han prøvde å drepe den med ein leikehammar. Eg plukka den opp og sprang etter veslebror med den. Etter det slapp eg edderkoppen ut.

Teodor Flodsand (10)

FOTO: Madeleine Kaldestad

Korleis reagerer du om du ser ein edderkopp heime?

– Eg plukkar han opp og etter ei stund let eg han springe videre. Eg slepp han laus, men det er mest for å plage systra mi som er redd for edderkoppar.

Har du ein god edderkopp-historie?

– For to dagar sidan var det ein edderkopp hos oss, og då hadde eg han i handa mi. Så lukka eg handa og bevegde armen slik at systra mi trudde eg kasta han på ho. Då byrja ho å grine.