Edderkoppen – ekkel eller søt?

Nokon set pris på at edderkoppen et andre insekt som finst i huset, medan andre aller helst hoppar opp på ein stol når dei ser han springe over golvet. Her er 15 fakta om den vesle krabaten som er både elska og hata.

Her er 15 edderkopp-fakta:

  • Edderkoppar finst overalt: i skog, ørken, sjø, ved kyst og innland, og til og med under jorda. Det finst faktisk edderkoppar i det snødekte Himalaya, som er verdas høgaste fjell.
I HOLA SI: Dette er ein ulveedderkopp. Foto: Wikipedia / CC BY-SA 3.0
  • Edderkoppen er eit leddyr.
  • Vi kjenner til 34 000 artar i verda. Nokon er knøttsmå, andre er hårete beist på størrelse med ein tallerken.
  • Vi har cirka 562 artar i Noreg.
  • Dei fleste edderkoppar har eit kort liv. Det er tarantellar som lever lengst. Dei kan bli 25 år gamle.
  • Edderkoppen lagar nettet sitt etter eit fast mønster.
  • Svart enke blir rekna som ein av verdas giftigaste artar.
  • Edderkoppar har ein todelt kropp. Dei har fire par bein, to gripekjevar og åtte auge.
  • Dama er ofte større enn mannen.
  • Nesten alle edderkoppar har gift, men berre nokre få er giftige for menneske.
  • Edderkoppar har kjertlar som dei lagar spindelvev med. Silketrådane nyttar dei på ulikt vis. Alle lagar ein tråd som skal sikre dei mot å ramle ned når dei beveger seg. Mange lagar også nett for å fange insekt.
MANN OG DAME: Hos arten Nephila clavipes, er mannen mykje mindre enn dama. Han ser du oppe til venstre.
Foto: Victor Patel / Wikipedia / CC BY-SA 2.5
  • Læra om edderkoppar kallar vi araknologi.
  • Angst for edderkoppar kallar vi for araknofobi.
  • Ordet edderkopp er danna av edder som tyder «gift» og kopp, kanskje av det latinske ordet cuppa som tyder «beger».
  • Alle edderkoppar er rovdyr bortsett frå arten Bagheera kiplingi som et planter.

 

(Kjelder: Nysgjerrigper, Store norske leksikon)