Kva vil du gjere for klimaet i 2019?

Maiken Näslund Haugen (11) har planen klar for kva ho vil gjere for klimaet i det nye året.

Kva vil du gjere for klimaet i 2019?

– Eg flyg ikkje når eg skal reise på tur, og det skal eg heller ikkje gjere i 2019. Eg har faktisk aldri reist med fly. Vi har campingvogn, så vi reiser alltid på ferie i den. I år skal vi til Tyskland. Det er viktig for meg å ta vare på naturen. Eg vil ikkje at det skal bli for varmt om sommaren. Då blir ikkje vinteren kald heller, og isen smeltar. Det har vi lært om på skulen.

Er det noko du vil gjere annleis i år en i fjor?

– Eg skal ikkje kaste tyggis i naturen.

Er det noko du gjer som du veit er dårleg for klimaet?

– Eg blir køyrt når eg skal på fotballtrening. Det er langt å gå og tidleg mørkt no på vinteren. Om sommaren kan eg sykle og gå til vener, men eg bur litt langt vekke frå sentrum, så det blir litt bilbruk.

Er det noko du gjer som du veit er bra for klimaet?

– Eg kastar ikkje boss i naturen, eg tek buss til skulen, og eg et ikkje så mykje raudt kjøt. Eg likar ikkje fisk, men eg et det likevel. Det er bra for kroppen!