Kvar kjem bananfluger frå?

Dei svinsar opp frå søppelbøtta når du minst ventar det.

FAKTA: Bananfluger
  • Nokon trur bananfluger kjem frå frukta, men det gjer dei ikkje. Det er mange bananfluger utandørs på slutten av sommaren.
  • Flugene smyg seg inn i huset og legg egg i skalet på gamal frukt.
  • Det tek kun eit par dagar før egga er blitt til vaksne fluger.
  • For å bli kvitt fluger på kjøkenet må ein fjerne gamal frukt, ta ut alt søppel og skylle tomme flasker.

(Kjelde: Ung.Forskning.no / NTNU)

LES FAKTALUKK FAKTA

Bananfluger elskar frukt som rotnar. Ei søppelbøtte med gamal frukt er drøymeheimen for flugene, skriv Ung.forskning.no.

Men korleis kjem dei dit så plutseleg?  

Flugene er så små at dei lett finn vegen inn i ein sprekk eller gjennom ein luftekanal. Det finst faktisk heile 3800 ulike fruktfluger i verda. Her i Noreg er det bananfluga vi ser oftast.

– Bananfluga trivast med frukt og fruktavfall, men kan også leve på restar av eddik, vin og øl, seier Torbjørn Ekrem. Han er professor i naturhistorie ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.