Nessie – Eit ekte sjøuhyre?

Det er fleire forteljingar om eit sjøuhyre i innsjøen Loch Ness, som ligg i Skottland. Sjøuhyret har fått namnet Nessie, og mange meinar at sjødyret finst, sjølv om ingen har funne tekniske bevis.

Urquhart-slottet ved Loch Ness (Foto: Pixabay)

Loch Ness må vere Skottlands mest kjende innsjø. Loch Ness er den nest største innsjøen i Skottland rekna i areal.

Innsjøen er kjend for Nessie, sjøuhyret som ifølgje gamle historie og folketru skal leve i innsjøen.

Det er gjort fleire forsøk på å spore opp uhyret, utan resultat. Til og med nordmenn har vore med på å forske på Nessie.

No skal nokre danske forskarar jakte på Nessie, i håp om å finne eit svar. Forskargruppa som kallar seg “Loch ness Hunters” lovar at dei skal løyse verdas største mysterium.

Leiaren for forskarteamet sier at han mest truleg ikkje vil finne eit monster, men at dei skal sjekke DNA frå innsjøen for å finne eit svar om det kan, eller har vore eit sjøuhyre der.

Andre forskarar meinar at dette er sløseri av pengar, då det er lite å hente, då dei ikkje kan samanlikne DNA-spor frå andre forhistoriske vesen.