Dinosaurane regjerte jordkloda

For nesten 65 millionar år sidan vandra svære dyr rundt på jorda vår. Men så, etter å ha dominert i vel 165 millionar år, forsvann dei. Heldigvis, må ein vel seie.

Nokre av dei mest kjende dinosaurane
  • Tyrannosaurus rex er ein av dei mest kjende dinosaurartane som har levd. Han kunne bli 13 meter lang, 3, meter høg i oppreist stilling, og kunne vege mellom fire og åtte tonn.
  • Giganotosaurus er den største rovdinosauren vi veit om. Den kunne bli 15 meter lang, og vog 8 tonn.
  • Brachiosaurus var planteetar og er eit av dei største dyra som har levd. Den vog like mykje som 20 vaksne elefantar.
  • Utahraptor er en av de største raptorene vi kjenner. Dinosauren gjekk på to bein og hadde ei karakteristisk klo som gjekk opp frå bakken. Med denne kunne dinosauren spjære opp magen på bytet sitt.
  • Leaellynasaura var ein liten dinosaur som var på størrelse med ein stor kalkun.
LES FAKTALUKK FAKTA

Dinosaurar er ei utdøydd gruppe reptilar. Nokre levde av planter, medan andre var rovdyr og var kjøtetande. Nokre gjekk på to- og fire bein, medan andre hadde vingar.

Fuglane, som er dinosaurane sine etterkomarar flyg rundt som eit bevis på at det ein gong i tida levde svære, skumle skapningar.

Kvifor forsvann dei?

Det at dinosaurane forsvann og døde er ei stor gåte i naturvitskapen, men nokre teoriar har vi.

Ein teori er at ein sverm av meteorittar trefte jorda, som førte til store øydelegingar, og som hindra sollys til jorda. Og utan sollys – ingen liv. Plantar og vekstar gjekk tapt, som førte til at dei planteetande dinosaurane ikkje fekk mat og døde. Når dei kjøttetande dinosaurane heller ikkje lenger fekk mat, døde dei også.