Studie: Tyrannosaurus rex kan ha vore tre forskjellige artar

Ein ny analyse av eit Tyrannosaurus-skjelett, har avslørt store skilnader både på lårbeinet og på tennene til fleire ulike T. rex-ar.

– Skilnadane på lårbeinet til Tyrannosaurus rex, er mest truleg ikkje knytt til kjønn eller til dinosaurens alder. Derfor trur me at endringan har utvikla seg over tid – frå ein felles stamfar som hadde eit veldig robust lårbein, til eit tynnare lårbein hjå dei seinare artane, seier forskar Gregory Paul.

Han er hovudforfattar i studien om Tyrannosaurus rex. Resultata av studien vart nyleg publiserte i Evolutionary Biology.

Dermed kan det altså sjå ut som om kongen av dinosaurane kanskje bør gjerast om frå ein til tre forskjellige artar. Det skriv KidNews i ei sak.

Har undersøkt 37 Tyrannosaurus-prøvar

Forskar Gregory Paul og kolegaane hans, har analysert ei rekkje bein og tannrestar frå totalt 37 Tyrannosaurus-prøvar, for å komma fram til denne konklusjonen. Mellom anna har dei samanlikna fleire ulike lårbein, for å sjekka korleis styrken til dinosauren var, og kor tjukke beina var i omkretsen.

Undersøkingane skulle visa seg å vera oppsiktsvekkjande.

Lårbeina til dei utdøydde dinosaurane varierte nemleg i så stor grad, at forskarane er sikker på at det ikkje kan vera snakk om ho- eller han-dinosaurar. Dei gjekk også vekk frå teorien om at storleiken kunne vera knytt til kor gamal dinosauren var, då både robuste og slanke lårbein vart funne av eldre og yngre dinosaurar.

Vanskeleg å slå fast

Det skal likevel leggjast til at det er vanskeleg å gjera fossile virveldyr til nye artar. Grunnen til det er at forskarane ikkje kan gå vekk frå at det har vore store individuelle skilnadar mellom dinosaurane.

Likevel har forskarane i dette tilfellet konkludert med at det kan ha vore tre forskjellige Tyrannosaurus rex-liknande artar på jorda – for lenge, lenge sidan.