Mesteparten av amerikanarar ville ikkje vekt dinosaurane til live att

I ei ny undersøking, kjem det fram at berre ein tiandedel av amerikanarar ville vekt dinosaurane opp att frå dei døde – viss det var mogleg.

Du er på søndagstur på fjellet med familien, og de stoppar for ein lunsjpause. Plutseleg ruslar det i buskene – og fram kjem det ein dinosaur.

Kva hadde du tenkt dersom det vart mogleg å bringa dinosaurane tilbake frå dei døde?

Hadde du støtta det, eller hadde det gjort deg redd om me måtte ha delt planeten vår med dei massive og utdøydde dyra?

Tyrannosaurus rex minst populær

Ei ny undersøking viser at dei aller fleste amerikanarar ikkje er særleg fan av å dela planeten med dinosaurar – og er einig med forskaren i dei legendariske Jurassic Park-filmane, Dr. Ian Malcolm, spelt av Jeff Goldblum.

I ein av filmane seier han at: «Dinosaurane hadde moglegheita, men naturen førte dei mot utrydding».

Berre 10 prosent av amerikanarar ville nemleg ha bringa tilbake Tyrannosaurus rex til livet, dersom det var mogleg. 11 prosent ville gjort det same med Pterodactyl, som var i slekt me flygeøgla. 12 prosent ville ha bringa Triceratops tilbake, som var ein planteetande dinosaur.

Dermed vil sju av ti amerikanarar at me held fram som no – og har eit liv utan dinosaurane ved vår side på jordkloden.