20 år sidan Titanic-premieren

Filmen om det enorme luksusskipet som aldri kunne søkke blei ein stor suksess!

Filmen Titanic vart nominert til 14 Oscar-prisar, og vann til slutt elleve av dei. Mellom anna prisen for beste film og beste song. Låten “My Heart Will Go On” er sunge av Céline Dion.

I år er det 20 år sidan filmen hadde premiere her i Noreg. Filmen har 11 års aldersgrense.

 «Skipet som praktisk talt ikkje kunne søkke»

Titanic var eit ekte skip. I 1912 sette Titanic ut på si fyrste reise frå Southampton i England. Målet var New York i USA. Titanic var på den tida det største passasjerskipet, og blei omtala som skipet som ikkje kunne søkke. Titanic var 269 meter langt og 28 meter breitt.

Foto av isfjellet som ein trur var årsaka til at Titanic sokk. Fotografiet blei tatt fem dagar etter katastrofen. Isfjellet hadde raude merker og inneheldt vrakgods. (Foto: Stephan Rehorek / Wikipedia/ Offentleg eigendom).

Skipet var delt inn i tre ulike passasjerklassar. Fyrste-, andre- og tredje-klasse. Fyrste klasse var den dyraste og mest luksuriøse delen av skipet.

På veg til New York støtte Titanic på eit isfjell, og skadane var så store at Titanic byrja å søkke. Det var ikkje nok livbåtar til alle passasjerane, og mange drukna i ishavet.

Ein av livbåtane med overlevande frå Titanic. (Foto: Ukjend/ Wikipedia / Offentleg eigendom).

Nordmenn ombord

Det var 31 nordmenn ombord på Titanic, og i alt omkom det 20 nordmenn under forliset.

Kor mange som drukna totalt er usikkert, då det er ulike tal som er oppgitt. Men ein trur det var mellom 1300 og 1500 personar som omkom i forliset.

Filmen er ein klassikar

Filmen om Titanic handlar om Rose som er passasjer på fyrste klasse. Ho er rik og skal gifte seg med Cal. Rose vil ikkje dette, og møter Jack som er passasjer på tredje klasse.

Historia om Rose og Jack er fiktiv. Det vil seie at den er oppdikta. Men sjølve historia om Titanic er sann.

Titanic sokk 15. april 1912 etter ein kollisjon mot eit isfjell.

Ikonisk scene frå Titanic. (Skjermdump frå YouTube / musikkvideo My Heart Will Go On.)

Kate Winslet figurerte den rike overklassejenta Rose, og Leonardo DiCaprio figurerte fattigguten Jack.

(Kjelde: Wikipedia)