Lag din eigen skeisebane

Langvarig kulde utan nedbør er gode nyhende for alle som elskar å ha skeiser på beina!

Skeiseisen har allereie lagt seg på vatn fleire stadar, men du må vera merksam på at isen kan vera utrygg. Så, det må du spørje ein vaksen om, og du må seie ifrå kvar du går.

Viss du ikkje bur i nærleiken av eit vatn, kan ein isbane vera løysinga!

Mange nabolag lagar fine skøytebanar på grusbanar. Det krevjer ein god del innsats, men ein skikkelig nabodugnad fiksar saka.

Vel helst ein grusbane der det er lys om kveldane, så kan ein bruke banen heile døgnet.

Ifølgje ut.no treng du dette:

  • Ein kant rundt banen som held vatn på plass
  • Masse vatn (kanskje det lokale brannvesenet kan hjelpe?)
  • Kuldegrader
  • Tolmod