Regjeringa vår består av Høgre og Framstegspartiet. Statsminister Erna Solberg er partileiar for Høgre og Siv Jensen er partileiar for Framstegspartiet.
No i desse dagar sit Erna Solberg og Siv Jensen i møte med partileiaren for venstre, Trine Skei Grande, og diskuterar om dei tre partia klarar å danne ei regjering saman.
Det er mykje dei må bli einige om dersom dei skal klare å samarbeide. Dei tre partia har mange ulike syn. Mellom anna på innvandring- og miljøspørsmåla.
Skal dei klare å danne regjering må dei gi og ta. Det vil seie at dei må gje seg på noko av politikken sin, for å la eit anna parti i den eventuelle nye regjeringa få fram sine synspunkt på saka.
Om Venstre kjem seg inn i regjeringa får vi svar på om nokre veker.