DAGENS SPØRSMÅL: Rakettar eller lasershow?

Me har spurt Birk (11), Kim Andre (11) og Erik (11) om kva dei meiner.

Birk Phuangkaew Hesjedal (11)

FOTO: Janne NerheKor feirar du nyttår?

Heime, som oftast.

Kva gjer du på nyttårsafta?

– Eg ser film saman med heile familien og me et masse snop. Så skyt me opp rakettar og et kalkun til middag.

Er det viktig med rakettar, eller kunne lasershow vore kulare?

Lasershow hadde vore kult det. Hunden vår gret på nyttårsafta grunna rakettane.

 

Kim Andre Berge Skjold (11)

FOTO: Janne Nerheim

Kor feirar du nyttår?

Heime, men ofte også hos onkel og tante som bur i nærleiken.

Kva gjer du på nyttårsafta?

Me ser film og et snop.

Er det viktig med rakettar, eller kunne lasershow vore kulare?

Det hadde vore kult med lasershow. Greitt å teste noko nytt. Eg har kaniner, og dei kan jo få sjokk og døy av rakettar.

 

Erik Samland Tendal (11)

FOTO: Janne Nerheim

Kor feirar du nyttår?

Eitt år er me heime, og eitt år er me vekke – då er me hos tremenningane våre.

Kva gjer du på nyttårsafta?

Eg et god mat, og er ute for å skyte opp små rakettar. Og så blir det litt snop då, og så ventar me. Og ventar. Og ventar.

Er det viktig med rakettar, eller kunne lasershow vore kulare?

Eg vil ha rakettane. Dei er kulare enn lasershow på himmelen. Det vert meir action. Det er spennande å sjå om rakettane veltar eller kva som skjer. Me har kattar, men dei har me i kjellaren. Dei blir litt skremt, men ikkje særleg mykje.

LES: Dyrebeskyttelsen vil forby fyrverkeri