– Politiet har vore for dårlege til å etterforske vald mot barn

Titusenvis av barn opplever fysisk vald i Noreg kvart år, meiner ekspertar. For fyrste gong får no 100 politifolk frå heile landet råd frå legar for å hjelpe barn på eit betre vis.

Kva er fysisk vald?
  • Når nokon slår, sparker, luggar, klyp eller gjer andre ting som gjer vondt på kroppen.
  • I Noreg er det ulovleg at vaksne slår eller gjer andre vonde ting mot barn.
  • Sjølv om det er mamma og pappa som gjer det, er det ulovleg.
  • Mamma og pappa har ikkje lov til å slå eller gjere andre vonde ting med barna sine, sjølv om barna har gjort noko gale.
  • Vaksne er større og sterkare enn barn, og skal passe på at barna har det godt.
  • Hvis du ser at nokon blir slått, sparka eller opplever andre vonde ting, eller om du sjølv opplever dette, så må du seie ifrå til nokon slik at det ikkje skjer fleire gonger.
  • Dette kan skje andre stader enn heime også. Uansett kvar det skjer eller kven som gjer det, så er det ikkje lov å utsette barn for vald.

(Kjelde: Stine Sofies Stiftelse / www.jegvilvite.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me har vore for dårlege til å etterforske vald mot barn. Me treng hjelp frå legar og andre som arbeider med medisin for å kunne stille dei rette spørsmåla, seier politioverbetjent Kåre Svang til Aftenposten.

Han er Kripos sin ekspert på etterforskning av grov vald mot barn.

Alvorleg problem

Overlege Torkild Aas ved Ullevål sjukehus i Oslo undersøker kvart år mange barn som kan vera utsett for vald.

– Vald gjer alvorleg skade på barnet og gir auka risiko for helseplagar seinare i livet, seier Torkild.

Om du, eller nokon du kjenner, opplever vald kan du ringe alarmtelefonen for barn og unge: 116 111. Du kan vera anonym.

Du kan også sende ein e-post til alarm@116111.no

Sjå denne videoen for å få vite meir om alarmtelefonen.