Difor er USA og Nord-Korea bitre fiendar

USA og Nord-Korea trugar kvarandre med atombomber og krig. Korea-ekspert, Stein Tønnesson, svarar på spørsmål.

Kvifor er USA og Nord-korea uvener?

Det er ein konflikt som går heilt tilbake til Koreakrigen i 1950-1953. I juni 1950 gjekk Nord-Korea til krig mot Sør-Korea. Då gjekk USA inn med store styrkar for å hjelpe Sør-Korea. Fyrst fekk dei nordkoreanarane ut av Sør-Korea, og pressa dei heilt opp til den kinesiske grensa. Men då kom kinesarane og pressa amerikanarane ned til grensa mellom Nord- og Sør-Korea. Grensa som kom i 1945, då landet blei delt i to.

Nord-Korea og USA har vore i konflikt heile tida sidan den gongen, og dei har ikkje hatt noko form for samarbeid.

Frå ei prøveoppskyting av ein rakett i Nord-Korea tidlegare i år. FOTO: KCNA
Frå ei prøveoppskyting av ein rakett i Nord-Korea tidlegare i år. FOTO: KCNA

No har konflikta blitt verre, fordi Nord-Korea har skaffa seg atomvåpen, og laga rakettar som dei seier kan nå mål i USA. Dei har òg laga ei hydrogenbombe som kan ha 1000 gongar så mykje kraft som den farlege atombomba. Desse rakettbombene kan gå heile vegen til andre sida av Stillehavet.

Dette har USA lova å hindre, og no ventar president Donald Trump at Kina skal hjelpe han med å få nordkoreanarane til å gje opp atomvåpna.

Kva gjer ein for å hindre krig?

Det beste hadde vore om USA og Nord-Korea kunne snakka saman.

Nord-Korea kunne love USA å ikkje teste fleire raketter eller prøvesprengja fleire atombomber.

USA kunne lova å ikkje gjennomføra fleire militærøvingar i nærleiken av Nord-Korea. Det er dette Kina og Russland foreslår i FN. Dei vil nok også at USA skal bli villige til å underteikna ei fredsavtale med Nord-Korea etter den grufulle krigen som var for 67 år sidan.

 

FAKTA

Nord-Korea

Nord-Korea har ein leiar som heiter Kim Jong-un. Han er diktator. Det vil seie at han bestemmer det meste i landet saman med dei som leier militæret og partiet.

Nord-Korea har ikkje ytringsfridom eller demokrati. Det vil seie at ingen i landet har lov til å snakke om sine meiningar på internett, TV, radio, aviser eller bøker. Det er leiaren i landet som har makta over det som skal kome ut av informasjon.

Mange menneske får for lite mat, og det er hungersnaud i landet.

Koreakrigen

Krigen starta på grunn av usemje om kvar grensa skulle vere mellom Nord- og Sør-Korea.

Kina var på lag med Nord-Korea, og USA og FN var på lag med Sør-Korea.

Bomber

Atombomber er blitt brukt to gongar i krig. USA bomba byane Hiroshima og Nagasaki under 2. verdskrig i 1945. Dei gjorde forferdeleg øydeleggingar.

Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan og Nord-Korea har  skaffa seg atomvåpen.

No har Nord-Korea utvikla ei enda sterkare bombe. Ei hydrogenbombe, som kan vere 1000 gongar sterkare enn atombomba.

FN

Dei Foreinte Nasjonar (FN) – Er ein organisasjon som har mål om å arbeide for internasjonal fred og sikkerheit, og å utvikle venskapleg samarbeid.