– Eg trur at finalistane er like spente som meg, men i dag snakka eg faktisk med ein finalist og spurde om han var nervøs. Han svarte at han berre gler seg. Dei er jo heilt rå! Eg skjønner ikkje at dei tør å stå på den store scena og synge framføre heile –Noreg, eg, seier Siggen.
– Det er berre TV
Siggen er ny programleiar i år. Mikkel er hennar makker og saman skal dei lage show. Telenor arena blir smekkfullt. Kanskje fleire hundretusen TV-sjåarar kjem til å følgje med. Den ferske programleiaren kjenner på nervane.
– Eg kjem til å verte nervøs rett før, men ofte kan ein bli ekstra skjerpa av å vere nervøs, så det gjer nok ikkje så mykje. Òg så må eg minne meg sjølv på at eg skal kose meg.
– Viss alt går heilt forferdeleg kan eg sette meg på eit fly til Bahamas og aldri kome tilbake. Og mamma er glad i meg uansett.
– Vi er sterkare saman
Årets tema i MGPjr er «Du er god nok». MGPjr ønsker å vise at alle er gode nok som dei er og at dei skal bygge kvarandre opp.
– Felleslåten i år heiter «Sterkare saman» og handlar om nettopp det. Eg synest dette er viktig fordi vi menneske brukar alt for mykje tid på å gå rundt å føle på eit press om at vi må vere betre, morosamare, penare, kulare og alt sånt. Det må vi slutte med. Det vert ein berre lei seg av. Difor bør vi verte flinkare til å hjelpe kvarandre til å føle at vi er bra nok, og passe på at dei rundt oss har det bra. Vi er sterkare saman, avsluttar Sigrid.
– Viss alt går heilt forferdeleg kan eg sette meg på eit fly til Bahamas og aldri kome tilbake. Og mamma er glad i meg uansett.
Sigrid Velle Dypbukt