Mindfulness er eit engelsk ord som betyr “å vera merksam her og no”. Altså, i det som skjer akkurat no.
Når ein lærer mindfulness øver ein på å puste djupt og slappe av, skriv Time for kids.
Å øve på dette kan hjelpe deg på fleire måtar:
- Roe deg ned: Kroppen slappar av, og tankane blir rolegare. Du kan tenkjer på tankane som kvite skyer på ein blå himmel, som glir forbi ei etter ei.
- Glede: Mindfulness hjelper folk til å kjenne seg bra. Det gjer deg mindre sint og trist, og meir glad.
- Konsentrasjon: Du blir meir fokusert når du gjer lekser eller lærer noko på skulen.
- Empati: Det betyr at du betre forstår andre sine kjensler.
Slik kan du øve mindfulness:
1) Set deg ned. Lukk augene.
2) Så kan du telje til fire medan du pustar inn.
3) Når du pustar ut, kan du telje til fire.
4) Gjer dette tre gongar.