No kjem ein høgteknologisk Rubiks kube

Rubiks kube blir supermoderne med ny oppfinning!

Fakta om Rubiks kube

Rubiks kube er eit mekanisk puslespel som den ungarske skulptøren og arkitekturprofessoren Ernő Rubik fann opp i 1974, av. Det er ein plastkube som finst i mange ulike variantar:

  • 2×2×2 («Pocket Cube»)
  • 2×2×4 («Rubik’s Tower»)
  • 3×3×3 (Den originale og mest utbredte kuben)
  • 4×4×4 («Rubik’s Revenge»)
  • 5×5×5 («Professor’s Cube»)
LES FAKTALUKK FAKTA

Det er faktisk over 350 millioner Rubiks kubar som er solgt i heile verda. Dei aller fyrste kubane blei solgt i leikebutikkar i 1974, skriv DOGO News.

Mange konkurrerer om å løyse kuben raskast mogeleg. Men faktisk er det berre seks prosent av verdas befolkning som klarar å løyse den.

Konkurranse

I Israel er det eit selskap som no lanserer ein teknologisk variant som heiter GoCube. Denne kuben er kobla opp mot telefonen, slik at ein kan spele mot andre. Når ein beveger på kuben ein har i hendene, beveger kuben på skjermen seg på akkurat same vis.