Karia (14): – Eg løyser rubiks kube på 22 sekund

SJÅ VIDEO: – Når ein butikk har ein uløyst rubiks kube innelåst i eit glasskap blir det rot i hovudet mitt, fortel Karia Hannah Grønstøl (14).

Karia bestemte seg for å bli supergod på å løyse rubiks kube då bror hennar klarte på løyse ein på 14 sekund. Ho har også ein onkel som på den tida klarte å løyse kuben på to minutt.

Onkel har eg slått for lenge sidan. No er min rekord 22 sekund når eg løyser den originale kuben. Den kallar vi for 3×3. Den kuben som vi kallar 2×2 har eg klart å løyse på fire sekund, fortel Karia.

To dagar

Ho starta å øve for tre år sidan, og brukte to dagar på å forstå korleis ho skulle løyse 3×3-kuben.

Eg byrja fordi det verke spennande å løyse eit mønster, så eg brukte to dagar frå morgon til kveld i sommerferien på å lære meg det, seier ho.

Karia løyser kuben kvar gong ho ser ein. Ho klarar ikkje å la den ligge på bordet uten å løyse han. Då blir ho rastlaus i kroppen.

Eg har vener som som har rota til fleire kubar og bedt meg la vere å løyse dei til neste dag. Men det har eg aldri klart, ler ho.

3×3: Slik ser 3×3-kuben ut. Dette er den originale Rubiks kuben. FOTO: Janne Nerheim

Populært i klassen

Karia ser på folk som legg ut videoar av at dei løyser kubar på YouTube. Ho lærer mykje frå dei.

No kan eg løyse 3×3, 4×4, 5×5 og 2×2 – og ein som heiter pyraminx. Alle er firkanta utanom den siste – den er ein pyramide, fortel ho.

Mange i klassen til Karia løyser også ulike kubar.

Vi tek med oss kubar på skulen og løyser dei i friminutta, fortel ho.

5×5: Slik ser 5×5-kuben ut. FOTO: Janne Nerheim

Til alle som har lyst til å lære seg dette har Karia eit godt råd:

– Ikkje gje opp! Det går til slutt. Det er ingen som får det til på fyrste forsøk, seier ho.