– Betre på telttur enn heime

Pernille (11) og Johanne (11) deler dei sine beste telttips med deg!

Pernille Simonsen og Johanne Rolfsnes held seg helst utandørs når dei er på telttur. Det er jo ikkje så veldig stor plass inni teltet.

Vi sit helst ute, eller spelar fotball eller leiker gøymsel. Av og til besøker vi forskjellige leikeparkar også.

Pernille syns det er litt kjedeleg viss det regnar, men ho finn gjerne på ting likevel.

Viss det regnar spelar vi spel. Elles blir det til at vi sit på mobilen, seier ho.

Heile familien søv på luftmadrasser, så det er godt å legge seg. Men Pernille syns det kan vera travelt med så mange i eit telt.

Det er mykje styr å sove så mange i lag. Erika og eg søv på eit rom, og Fiona ligg i rommet attmed mamma og pappa, fortel ho.

Uansett så er det betre å vera på telttur enn å vera heime!, seier Pernille.

Fredrikstad

Johanne Rolfsnes er heilt einig med Pernille i at det beste er å vera på tur. Ho har vore i Fredrikstad på telttur om sommaren dei to siste åra. I år sov ho seks dagar i telt. Denne gongen var det eg, mamma og pappa som budde i teltet, fortel ho.

Johanne sin familie har også tre rom i teltet. Men dei gjer det på ein litt anna måte enn Pernille sin familie.

I hovudrommet har vi mat og slikt. Så søv vi alle i lag på eit rom, medan vi brukar det siste rommet til klede og alt anna vi treng. Det kallar vi berre roterommet, fortel Johanne.

Å sove alle på eitt rom går fint, men av og til snorkar pappa, ler ho.

Bakegruppe

I Fredrikstad er det ein kristen organisasjon som lagar til ein møteplass for familiar, der mange treff kvarandre for å gjere ulike aktivitetar i lag.

Denne gongen hadde vi ulike barnegrupper, og eg var med i ei bakegruppe, fortel Johanne.

I fjor var ho med i hobbygruppa.

Når vi er ferdig på aktivitetene, går vi ofte for å bade. Det er eit slikt stort utebasseng der. Eller, det er i grunn tre basseng, ei sklie og eit stupebrett, fortel ho.