Frank Løke har klatra til toppen av Mount Everest

Den tidlegare landslagsspelaren i handball, har tatt seg til toppen av verdas høgaste fjell.

Frank Løke har saman med fire andre personar fra rundt omkring i verda nådd toppen av Mount Everest, skriv VG.

I ei oppdatering på Instagram, skriv klatreselskapet Ascent Himalayas at han nådde toppen rundt kl. 04.00 natt til tysdag norsk tid. Løke og sherpaen hans var dei første i følget som tok seg til toppen.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Frank Løke (@actionfrankloke)

Fleire er blitt sjuke av korona

I følgje Instagram-profilen til Løke, reiste han til Himalaya 17. april. Han har sidan då oppdatert føljarane sine med bilder frå turen opp mot verdas høgaste fjell.

Fleire medium, som mellom anna Dagsavisen, har meldt om at fjellklatrarar er blitt sjuke med koronaviruset på veg opp til Mount Everest den siste tida.

Kina, som deler Mount Everest med Nepal, sa at dei ville auka smittevernet på veg opp fjellet. Kinesiske myndigheiter valde derfor å setja opp sperringar som skulle halda klatrarane adskilt frå kvarandre.

Les også: Mount Everest har fått ny høgd