Marie (14) og Marte (17) kryssa Hardangervidda åleine

Då koronaviruset endra planane for ferien, bestemte syskenbarna Marie Sævik Litlere (14) og Marte Nybø Litlere (17) seg for å bruke sommaren til å gå over Hardangervidda. 

FAKTA: Hardangervidda
  • Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå.
  • På vidda er det store, flate vidder, fiskemoglegheiter, rikt dyre- og planteliv og spektakulære fossar.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Rundt påske byrja vi å planlegge turen, fortel Marie.

Jentene driv aktivt med sykling, så vanlegvis er det sykkelritt som står på planen om sommaren.

– Vi ville nytta sjansen til å gjere noko anna då alle ritt vart avlyst, fortel Marte. 

– Vi har gått mykje på tur, men dette var ekstremt. Det å gå åleine så langt. Det var ingen som trudde vi kom til å klare det, ler Marie.

SYKLISTAR: Marte og Marie driv aktivt med sykling, så vanlegvis er det sykkelritt som står på planen om sommaren. Foto: Privat

Jentene planla å gå i 10 kilometer kvar dag i fjorten dagar i strekk. Dei fann ei ekstra trygg kjensle i at det fanst DNT-hytter dei kunne besøke på vegen, men valde likevel å bu i telt kvar natt. 

– Hyttene gav oss moglegheita til å treffe folk og kjøpe litt ekstra mat, seier Marie.

Dei møtte ein god del turfolk, men ingen barn på vegen.

– Vi møtte ikkje nokon vi har heldt kontakta med, men det var så hyggeleg. Vi veit ingen namn eller noko, men likevel føler vi at vi blei kjent med dei fordi vi opplevde noko saman, fortel Marie. 

Null dekning på telefonen

Sju av dagane på turen hadde dei ikkje dekning på mobilen.

– Dei fire fyrste dagane hadde vi dekning, men så stoppa det. Vi gjekk i 11 dagar totalt. Vi kunne sende satelittmeldingar slik at foreldra våre fekk livsteikn kvar kveld, fortel Marte. 

HARD TUR: – Det var ingen som trudde vi kom til å klare det, ler Marie.

Jentene sakna foreldra meir enn dei trudde dei ville gjere.

– På førehand sa eg til Marte at ho kom til å sakne foreldra sine meir enn ho trudde, fortel Marie.

– Eg tenkte at eg ikkje kom til å sakne dei noko særleg. Eg er jo 17 år! Men det var spesielt å plutseleg kjenne på at alle val sto på oss åleine, fortel Marte.

Dei valde å vera opne med kvarandre om det å sakne.

– Det hadde vore verre om vi ikkje sa noko om det, seier Marte.

Gjekk i stillheit

Sakn og bekymringar forsvann i alle dei magiske augneblinka på ferda. 

– Eg har faktisk fått eit heilt nytt forhold til Donald etter at eg opplevde å berre sitje og lese på ei hytte, fortel Marie. 

Dei hadde planlagt å høyre på lydbøker på vegen, men slik blei det ikkje.

– Vi gjekk for det meste i stillheit, eller så snakka vi, fortel Marte. 

Ein annan ting dei ikkje brukte, var mykje klede.

MAT: Her ser jentene på kva dei har å ete dei siste fire dagane på tur. Foto: Privat

– Det er utruleg kor lenge du kan gå i same klede, seier Marte. 

– Eg skifta sokkar éin gong på heile turen, ler Marie. 

Sjokoladebiten

– Vi hadde med ei plate med dronningsjokolade med 24 bitar. Kvar dag blei det ein bit til kvar av oss. Dei bitane var så mykje verdt for oss. Halvvegs på turen gav vi kvarandre ei gåve. Marte hadde kjøpt noko til meg, medan eg måtte finne på noko der og då. Eg valte å gje ho to av mine bitar. Det var ei stor gåve frå meg, fortel Marie.

– Ja. Og middels gøy for meg som måtte ete dei medan Marie sat og såg på meg med store auge, ler Marte.

UTSIKT: Jentene kunne nyte 11 dagar med fantastisk fjellandskap. Foto: Privat