Svenske aviser har dei siste dagane skrive om stor mangel på O’boy i heile Sverige. Butikkhyllene i Noreg har også merka at det byrjar å bli tomt.
Det gjer at fleire folk handlar inn sjokoladepulver for å selge det på internett. Også her i Noreg er det annonser på FINN der folk prøver å selge O’boy for fleire hundre kroner.
Dei som produserer O’boy seier at folk kan slappe av. Sjokoladepulveret er nemleg tilbake i hyllene på fredag. I tillegg finst det andre alternativ.