- Korleis opplevde du boka?
- Kva gjer boka god eller dårleg?
- Kvifor bør andre lese boka (eller la det vere)?
Her er ei skriveramme du kan bruke for å hugse dei viktigaste delane. Vel dei underpunkta som passar best for akkurat denne boka.
OVERSKRIFT
- Lag ei overskrift som seier noko om boka eller leseopplevinga di. Ei overskrift skal gje andre lyst til å lese bokmeldinga.
BOKA
- Skriv tittelen på boka, forfattar og forlag, og om boka er ein del av ein serie.
BOKA HANDLAR OM
- Kort innhaldsreferat. Nemn det viktigaste, til dømes viktige personar eller hendingar, men hugs å ikkje røpe slutten.
- Kort om sjanger: Er det ei fantasybok, krim, grøss, drama …?
MI EIGA OPPLEVING AV BOKA
- Korleis startar boka? Sakte, eller rett inn i handlinga?
- Er der eit vendepunkt, der alt snur og blir annleis enn det du trudde i starten av boka?
- Korleis sluttar boka? Brått, uventa, slik du venta eller overraskande?
- Var boka vanskeleg å leggje frå seg?
- Ord som kan skildre opplevinga: morosam, ekkel, treig, truverdig, gripande. Eg synest boka var overraskande/spennande/artig/trist/skummel fordi …
OPPSUMMERING
- Gav boka deg noko å tenkje på?
- Kva er det beste ved boka? Og motsett, var det noko som irriterte deg?
- Bør andre lese boka?
Last ned ein tom mal for bokmeldingar (rtf)
Her kan du lese fleire bokmeldingar!
Har du lyst til å senda inn ei bokmelding til oss? Send den til junior @ framtida.no!