Det er klart for den store lusesjekken

Kravling og kløe i håret. Det er lusetid! For å sleppe ein haust med lus i håret ber no Folkehelseinstituttet skular og foreldre om hjelp.

Korleis oppdage hovudlus?
  • Foreldra dine kan sjekke deg for lus ved hjelp av lusekam og godt lys.
  • Det er viktig å greie håret nøye med ein fintanna kam. Gjer det med fuktig hår. Det hemmar lusa å bevege seg.
  • Foreldra dine kan leggje eit kvitt handkle over skuldrene dine når dei greier håret. Det er viktig at dei sjekkar både handkledet og kammen for lus og egg.
  • Lusa er små og ei lupe vil vera nyttig for mange.
  • Foreldra dine bør tørke kammen av på eit papir. Viss du har lus, vil dei då tørke i løpet av eit par minutt, og du vil sjå dei bevege seg.

Kjelde: Fhi.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Hovudlus er eit problem som kjem tilbake år etter år i skulen. Om lag ein til to prosent av alle barn i Noreg har til ei kvar tid lus i håret.

Alle må sjekke

Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det redusere talet på hovudlustilfelle over tid.

Vi ber alle skular om å spørre alle foreldre om å ta lusesjekken helga 1. og 2. september. Så må dei i gang med behandling om dei oppdagar lus, seier Bjørn Arne Rukke som er forskar i Folkehelseinstituttet.