Tid for lusesjekk i alle norske heimar

Helga 11.–12. mars er det klart for nasjonal lusesjekk! FHI oppmodar alle, både foreldre og barn, til å sjekka seg for hovudlus.

– Viss alle sjekkar seg denne helga slik at dei med lus kan behandlast på omtrent same tidspunkt, vil det redusera talet på tilfelle av hovudlus, seier forskar Bjørn Arne Rukke i avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

– Barn med hovudlus treng ikkje å haldast heime frå barnehage og skule, men ein bør prøva å få behandla dei så raskt som mogleg, skriv FHI.

Korleis sjekka for hovudlus?

  • Grei håret med ein lusekam (blir kjøpt på apotek).
  • Grei heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane.
  • Greia i vått hår, då det hemmar rørsla til lusa.
  • Balsam kan brukast for å gjera kjemminga lettare.
  • Tørk av kammen på eit papir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når eventuelle lus tørkar, vil dei byrja å bevega seg.
  • Greier du i tørt hår, blir det tilrådd å stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande. Då kan ein få auge på lus som fell ned.

Her kan du sjå video av korleis ein sjekkar for lus:

Les meir: Det er klart for den store lusesjekken