No er det tid for lusesjekk

Denne veka er det klart for nasjonal lusesjekk! FHI oppmodar alle, både foreldre og barn, til å sjekka seg for hovudlus helga 2.3. september.

– Barn og tilsette ved skular og barnehagar, og dessutan familiemedlemmer bør sjekka seg for lus. For å få bukt med hovudlus er det viktig at så mange som mogleg sjekkar seg, slik at lus blir oppdaga og behandla samtidig, skriv FHI i eit informasjonsskriv.

GIF: Giphy.com

– Barn med hovudlus treng ikkje å haldast heime frå barnehage og skule, men ein bør prøva å få behandla dei så raskt som mogleg, skriv FHI.

Korleis sjekka for hovudlus?

  • Grei håret med ein lusekam (blir kjøpt på apotek).
  • Grei heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane.
  • Grei i vått hår, då det hemmar rørsla til lusa.
  • Balsam kan brukast for å gjera kjemminga lettare.
  • Tørk av kammen på eit papir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når eventuelle lus tørkar, vil dei byrja å bevega seg.
  • Greier du i tørt hår, blir det tilrådd å stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande. Då kan ein få auge på lus som fell ned.

Her kan du sjå video av korleis ein sjekkar for lus: