Sommarles har tatt heilt av

Over 100.000 barn frå 1. til 7. steg har registrert seg på leseaksjonen Sommarles.

Fylka som har lese flest bøker per brukar
  1. Sogn og Fjordane
  2. Møre og Romsdal
  3. Rogaland
  4. Hordaland og Buskerud
LES FAKTALUKK FAKTA

I år har det vore super-duper-rekord med Sommarles. Barn i Noreg har i snitt lese ti bøker og over 1000 sider kvar. Det her vorte lese (hald deg fast) over éin million bøker.

Favorittbøker

Bøkene om Detektivbyrå nr 2 har vore den store slageren i heile sommar, seier prosjektleiar for Sommarles, Pernilla Slotte Hjermann til Framtida Junior.

Alle pallplasseringane har Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes (illustratør). Men også Gutta i trehuset-bøkene har vore veldig populære. Generelt sett ser det ut som at barn likar bøker med litt mysterie og spaning, seier Pernilla.

Biblo Tøyen med sjølvlaga premiar

På Biblo Tøyen i Oslo hadde dei ekstrapremiar. Dei som nådde level 30 kunne få lage slim. Her er Linnea Bang (11) i aksjon.

På Biblo Tøyen møtte Framtida junior tre bokslukarar som har vore med på Sommarles. Volkan Akin kan du lese om på hovedbilete. I tillegg snakka vi med Amanda og Linnea.

Amanda Hjellset er ein ivrig lesar, og er ofte på Biblo Tøyen for å lese og henge med venner.

Amanda Hjellset 11 år

  • Om seg sjølv: Lesehest
  • Level: 30
  • Har lese: 34 bøker, 5337 sider

Anbefaler

  • Hestejenter-serien
  • En pingles dagbok-serien
  • Pax-serien
Linnea Bang er også blad i å lese. På Biblo Tøyen finn ho bøker som passar perfekt for henne.

Linnea Bang 11 år

  • Om seg sjølv: Elskar å lese
  • Level: 30
  • Har lese: 26 bøker, 2758 sider

Anbefaler

  • Hei, det er meg
  • Barnevaktklubben (tre bøker)
  • Guro-serien