Folketalet auka med 9600 i april, mai og juni. Det er 1050 færre enn på same tid i fjor. Vi må faktisk heilt attende til 2005 for å finne eit så lågt tal, melder NTB/Forskning.no.
Det budde i alt 5 312 300 personar i Noreg 1. juli i år, ifølgje SSB.
Innvandring
Lågare innvandring er den største grunnen til denne utviklinga. Det var 10 700 personar som kom til Noreg på denne tida. Det er heile 1700 personar færre enn i fjor.
Færre babyar
Det var 14 700 nyfødte som kom til verda i april, mai og juni. Det er heile 400 færre babyar enn på same tid i fjor.