Når mamma eller pappa drikk for mykje alkohol på ferie

Snart er det sommar, og ein heil del norske barn går med ei vond kjensle i magen. Kjem mamma eller pappa til å oppføre seg annleis fordi dei drikk alkohol i ferien?

Randi Hagen Eriksrud, som er generalsekretær i AV-OG-TIL, har gode råd til deg som kjenner det slik.

Mange vaksne drikk meir enn elles når dei er på ferie. Når vaksne drikk blir dei annleis enn dei vanlegvis er. Vi veit at barn oppdagar ein forskjell i mamma og pappa sin måte å vera på mykje raskare enn det dei vaksne trur, fortel ho.

3 av 10 norske barn mellom 8 og 19 år opplever at mamma eller pappa drikk meir på ferie enn elles. 

Randi Hagen Eriksrud. FOTO: AV-OG-TIL.jpg

Ekkelt

Mange barn synest det er skummelt og ekkelt når mamma og pappa forandrar seg.

I ferien er vi mykje saman heile familien, og det er viktig at både vaksne og barn har det bra. Vi synest difor at foreldra før ferien bør snakke med barna om korleis familien vil ha det i ferien, og kor mykje alkohol det er greitt at mamma og pappa drikk, seier Randi.

Ofte er det spesielt skummelt når familien er på ein ny stad der dei ikkje kjenner så mange, og kanskje ikkje kan språket.

Snakk med nokon

Mange har fortalt oss at dei synest at mamma eller pappa har drukke for mykje på ferie, seier ho.

Ingen vaksne skal drikke på ein slik måte at barn eller unge synest det er ekkelt.

Synest du mammaen eller pappaen din drikk for mykje bør du snakke med ein snill vaksen, på ferien eller når du kjem heim. Det kan vera godt å snakke med nokon om korleis du har det og kva som skjer heime, fortel Randi.