Det er NRK.no som skriv dette i dag.
Fleire aksjeeigarar i McDonald’s oppfordra matkjeda til å kutte ut bruken av plastrøyr. Og mange har engasjert seg i saken. Miljøorganisasjonen SomeOfUs har laga ei underskriftskampanje og har fått ein halv million underskrifter.
- LES OGSÅ: Katten ryddar fjøra fri frå plast
Men sjølv om fleire av eigarane (aksjonnærane) i McDonald’s vil ha slutt på bruken av plastsugerøyr svarar konsernet dette:
– Forslaget er unødvendig… Det har liten hensikt både for selskapet, aksjeeigarar og for våre kundar, skriv dei i ei uttale.
Samtidig har McDonald’s sagt at dei har eit mål for 2025 om at all emballasje, inkludert sugerøyr, skal kome frå fornybare, resirkulerte eller godkjente kjelder.