Katten ryddar fjøra fri for plast

Nusse er ein miljøbevisst katt som er hekta på plast.

Nusse kjem med dagens fangst. (Foto: Martinus Feie)

Det er Vestlandsnytt som skriv dette.

Dei var på besøk hos katteeigaren, Martinus Feie. Han kunne fortelje Vestlandsnytt at den knapt to år gamle hokatten brukar tida si på å rydde fjøra fri for søppel.

Eigaren fortel at det begynte med at Nusse gjekk etter han då han var nede i fjøra og plukka søppel.

– Men så tok ho saka i eigne labbar, fortel Martinus.

Nusse kjem heim, nesten dagleg og legg ein plastpose utanfor terrassedøra, fortel eigaren til Vestlandsnytt.

Eigaren fortel at det ikkje berre er smårusk katten dreg med seg opp frå fjøra.

– Det største eg har sett ho kome med var ein to meter lang plastbit. Den brukte ho ei god stund på, men etter å ha gått baklengs opp trappa fekk ho den opp til slutt, fortel katteeigaren.

Journalist i Vestlandsnytt, Bjørnar Torvholm Sævik.