Det kjem stadig folk som snakkar med ungar om sosial medium. På skulen får ein gjerne infoskriv der det står at barn og vaksne må snakke saman om dette. Det er heilt greit det altså. Men tenk over kva som eigentleg er problemet!
Når små ungar blir lurt av vaksne, særleg menn, til å møtast, er det vel ikkje ungane som må få kurs om sosiale medium. Det er vel han som chattar med dei unge som treng å bli lært opp?
Eg tvilar på at det finst kurs om sosiale medium for vaksne, men eg synest det burde innførast eit slikt kurs.
Eg håpar at nokon tek tak i dette, for eg trur at viss vaksne, spesielt menn, også får slike kurs, eller i alle fall får oppklart kva som er greitt på nettet vil det bli tryggare for alle aldersgrupper.
Men til alle barn og unge. Det betyr ikkje at dykk ikkje gjer dumme eller upassande ting på nettet. Alle må bidra til at ingen oppfører seg negativt på nett. Kom igjen, ta litt initiativ!