KI løyste mattemysterium

Ein matematiker har klart å løyse ei av verdas største mattegåter ved hjelp av KI, men ingen forstår korleis ho er løyst.

Primtal og naturlege tal
  • Primtal er tal som berre kan delast på 1 eller seg sjølv, til dømes 7 og 41.
  • Naturlege tal er heile, positive tal, altså 1, 2, 3 og så vidare.

Kjelde: Vesle norske leksikon og Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Riemanns hypotese har sidan 1859 vore eitt av dei mest berømte uløyste problema i matematikken. Det handlar mellom anna om korleis primtal er fordelt blant alle naturlege tal.

I helga blei problemet løyst av ein matematikar frå teknologiselskapet Anthropic, ved hjelp av KI-tenesta Claude, skriv vitskapsmagasinet Science News.

Løysinga er rett nok så stor at ingen menneske enno klarar å forstå svaret.

– Om ein skulle skrive ut svaret, ville det blitt omtrent 250 000 sider langt, seier matteprofessor Helge Holden til NRK.

No skal matematikarar ta fatt på det enorme svaret, plukke det frå kvarandre og prøve å forstå korleis kunstig intelligens kom fram til det.

Dette er første gong KI gir eit svar som utvilsamt er rett, men som menneske ikkje klarar å forstå.