Ebola
- Ebola er ein sjukdom som kan smitte frå person til person gjennom direkte kontakt med blod eller andre kroppsvæsker frå ein som er smitta.
- Ein kan få feber, hovudverk, vondt i kroppen, diaré og oppkast.
- Ebola kan vere livstrugande.
- Det er først og fremst menneske i Afrika som blir råka av Ebola.
Kjelde: Store norske leksikon
LES FAKTALUKK FAKTA
Det melder Africa News.
Det betyr at landet no offisielt kan begynne nedteljinga på 42 dagar til å erklære seg ebola-fritt.
Landet hadde sin fyrste pasient tidleg i oktober, og sidan då har ni menneske blitt smitta.
Landet held fram med førebyggjande tiltak, og har framleis strenge grensekontrollar.
Det er framleis store ebola-utbrot i andre land i regionen, og fleire tusen har no mista livet i det som blir beskrive som eit av dei verste ebola-utbrota ein veit om.






















