Barn med autisme blir smitta av følelsar, men på sin eigen måte

Mange tenkjer at barn med autisme ikkje har empati. No viser forsking at dette slett ikkje stemmer.

Autisme
  • Autisme er ei diagnose for ei funksjonsnedsetjing, ikkje ein sjukdom.
  • Autisme kjem av at hjernen har utvikla seg annleis enn det som er vanleg, og er noko ein er fødd med.
  • Personar med med autisme ser verda på ein annan måte og kan oppføre seg annleis enn folk utan autisme.
  • Det er ikkje lett å sjå på nokon om dei har autisme.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Empati er det å oppfatte og forstå andre sine følelsar. Når ein forstår kva ein annan person føler, kan ein sjølv få ein følelse som liknar – bli smitta av følelsen. Når nokon kan leve seg inn i andre sine følelsar, er dei empatiske.

Det har ofte blitt tenkt at barn med autisme manglar empati. Det er fordi reaksjonen deira ofte ikkje passar med det som er forventa i ein bestemt situasjon, skriv forskning.no.

Til dømes kan eit barn med autisme le når nokon er lei seg, eller bli irritert når nokon gret. No meiner forskarar at slike reaksjonar ikkje er eit teikn på at dei manglar empati.

Slit med å regulere følelsar

Den norske forskaren Stian Orm har saman med forskarar frå University of California (UCLA) nyleg publisert ein artikkel om autistiske barn og empati.

– Barn med autisme blir tydeleg smitta av andre sine følelsar, men dei slit med å regulere følelsane dei får, forklarer Orm til forskning.no.

Å regulere følelsar handlar om å forstå kva ein føler og finne måtar å handtere kjenslene sine på.

Det er vanleg å vise omsorg for andre ved å til dømes gi ein klem. Det er ikkje alltid barn med autisme reagerer på den måten, men det betyr ikkje at dei ikkje har omsorg. Foto: Pexels

Forskinga til Orm og kollegaene hans viser at barn med autisme slit med å trøyste andre, nettopp fordi dei slit med å regulere sine eigne følelsar.

– For å klare å trøyste nokon er vi avhengige av at vi både let oss smitte av den andre sin følelse og samstundes regulerer våre eigne følelsar.

Barn med autisme har empati

Orm meiner at forskinga deira viser kor viktig det er å forsøke å forstå kva som ligg bak ein reaksjon frå barn med autisme.

I staden for å tenke at autistiske barn ikkje har empati eller omtanke for andre, bør ein ha forståing for at empati kan sjå forskjellig ut hos forskjellige barn. 

– Barn og unge på autismespekteret er empatiske og har empati, slår Orm fast.