Finst julenissen på ekte? Det prøver Mari og faren hennar å finna ut i animasjonsfilmen «Julenissens verksted». Forteljinga kjem frå Thorbjørn Egner, som òg laga «Karius og Baktus», «Hakkebakkeskogen» og «Kardemomme by».
Men denne nissehistoria er langt mindre kjend, skriv NRK.
Frå radio til kino
«Julenissens verksted» blei først sendt på radio i 1946. Då var det eit høyrespel, ei forteljing med stemmer og lydar som publikum lyttar til.
Filmselskapet Qvisten leita eigentleg etter ei historie som kunne bli ein kort julefilm. Då dei oppdaga høyrespelet, fekk dei større planar.
– Dette er meir enn ein kortfilm, tenkte me. Dette er noko større.
Det fortel produsent Ove Heiborg til NRK.
For å laga ein heil kinofilm har filmskaparane mellom anna teke med Egner-songar som «Kaptein Sorte-Bill» og «Dyrene i Afrika».
Fann ukjende teikningar
Sonen til forfattaren, Bjørn Egner, leita etter materiale filmskaparane kunne bruka. Då fann han gamle skisser og teikningar som aldri hadde blitt publiserte.
– Det kan sjå ut som faren vår hadde planar om å gje ut forteljinga som bok.
Teikningane hjelpte filmskaparane med å bestemma korleis filmen skulle sjå ut.





















