– Mai vart ein fin månad for norske kinoar. Me har hatt, og har mange sterke filmtitlar på menyen, både for store og små, seier administrerande direktør i Film & Kino, Espen Lundberg Pedersen, i ei pressemelding om kinobesøka i mai.
Nye tal viser at det blei seld 621.909 kinobillettar i Noreg i løpet av mai. Det er ein auke på 83.355 billettar samanlikna med mai i fjor.
Totalt er det seld 3.429.310 kinobillettar dei fem første månadene i år, mot 3.107.673 i same periode i 2025.
Super Mario på topp
Etter dei fem første månadene i år er «Super Mario Galaxy Filmen» årets mest sette kinofilm i Noreg med 292.249 selde billettar sidan premieren 1. april.
På andreplass følgjer thrilleren «The Housemaid», som har selt 199.631 billettar.
«Flåklypa – Frå Paris til pyramidane» er den mest sette norske filmen. Han har selt totalt 471.500 billettar sidan premieren 25. desember i fjor.





















