Alle barn har rettar – men blir dei følgde?

Alle barn i heile verda har rett til skulegang, tryggleik og fritid. Likevel er det ikkje alle barn som får oppfylt desse rettane.

FN
  • FN er ein organisasjon som jobbar for å sikre fred og tryggleik i verda.
  • I dag er 193 land medlem i FN – det er nesten alle land i verda.
  • FN blei grunnlagd i 1945, rett etter andre verdskrig var over, for å lage avtaler mellom landa i verda for å unngå fleire krigar i framtida.

Kjelde: Lille norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

I dag, 24. oktober, er FN-dagen. Denne dagen markerer arbeidet FN gjer for samarbeid mellom ulike land i verda, fred og menneskerettar. Ein viktig del av dette er arbeid med rettane til barn.

I 1990 trådde FNs barnekonvensjon i kraft. Dette er ein internasjonal avtale som slår fast at alle barn – alle under 18 år – i heile verda har dei same grunnleggjande menneskerettane som vaksne.

Konvensjonen seier også at barn har behov for og rett til å bli spesielt godt beskytta.

Brot på rettane

Barnekonvensjonen slår mellom anna fast at barn har rett til å gå på skule, få helsehjelp, bli verna mot vald og bli høyrde og tekne omsyn til. Barn har òg rett til leik, fritid og kvile.

Sjølv om alle FN sine medlemsland, unntatt USA, har slutta seg til barnekonvensjonen, er det utfordrande å sikre at alle barn får desse rettane oppfylt.

Krig og fattigdom er blant grunnane til at mange barn ikkje får gå på skule, får helsehjelp eller veks opp i trygge omgivnader, sjølv om dei har rett til det.

Kven har ansvaret?

Det er styresmaktene i kvart einskild land som har hovudansvaret for å følgje opp barnekonvensjonen.

I Noreg har Barnekonvensjonen vore ein del av menneskerettslova sidan 2003. 

FN og andre hjelpeorganisasjonar arbeider for å fremje og verne om rettane til barn kringom verda.