Du snurrar fort. Kanskje ler du litt. Så stoppar du, men beina vil ikkje heilt vera med. Det kjennest ut som om bakken flyttar på seg!
Kva skjer eigentleg i kroppen då?
Inni kvart øyre ligg det eit lite balanseorgan. Det er fylt med væske og fortel hjernen korleis du beveger deg. Når du byrjar å snurra, set væska i balanseorganet seg i rørsle.
Og når du stoppar brått? Då stoppar kroppen med ein gong. Men væska inni øyret held fram med å bevega seg ei lita stund. Hjernen trur derfor at du framleis snurrar, sjølv om du står heilt stille. Det er då du blir svimmel.
Kvifor går det over?
Etter nokre sekund roer væska seg. Då får hjernen beskjed om at kroppen verkeleg har stoppa. Verda sluttar å snurra og balansen kjem tilbake.
Når hjernen får feil beskjed frå balanseorganet, blir det vanskeleg å halda styr på kroppen. Difor kan du sjangla litt eller ta eit steg til sida. Det betyr ikkje at det er noko gale. Hjernen treng berre litt tid til å forstå kva som skjer.
Kjelder: Store norske leksikon, BBC Science Focus






















