– Alle delene av livet har si eiga lukt. Det seier hudspesialist Dr. Roya Javid i eit intervju til The Guardian. Han fortel:
Babyar luktar søtt fordi luktkjertlane deira står ubrukte. I puberteten skrur dei seg på, og ungdommane får ei litt skarp kroppslukt på grunn av hormonar som kjem i sving.
I vaksenlivet er lukta meir einsarta, og varierer i høve om ein sveittar, til dømes ved trening. Desse endringane i huda sine naturlege oljer gjev folk enno ei anna lukt seinare i livet, når dei blir gamle.
Lukta av alderdom
Lukta av gamle folk har til og med sitt eige namn. 2-noneral. Ein kjemisk reaksjon skjer når bestemte hudoljer oksiderer, det vil seia at dei reagerer på eit anna stoff, og blir brotne ned.
– Det handlar ikkje om skit eller dårleg hygiene, seier Dr. Roya Javid. Det er berre oljer som er i endring over tid, på same måte som metall endrar seg i møte med luft.

Denne prosessen kan starta så tidleg som i 40-åra. Det er dårleg nytt for alle vaksne som gjer alt dei kan for å ikkje virka eldre.
Lukta av liv
Me er opplærte til å ikkje kommentera på korleis andre folk luktar, med mindre me synest dei luktar godt. Det er fordi me ikkje kan gjera noko med kroppslukta vår, og fordi det er ein naturleg del av det å leva.
Hugs på dette neste gong du kjenner lukta av den du sjølv er, snusar i nakken på veslebror eller kjenner lukta av bestemor og bestefar. Me luktar, difor lever me.






















