Dette skjer når det knekk i ledda

Du strekkjer fingrane. Plutseleg seier det «knekk!». Kanskje gjer du det med vilje. Men kva er eigentleg den lyden?

Har du nokon gong fått høyra at du kjem til å få dårlege ledd av å knekkja fingrane?

Inni ledda har me ei tjukk væske som blir kalla leddvæske. Ho fungerer nesten som smørjing og gjer at ledda kan røra seg mjukt mot kvarandre.

Når du strekkjer eller bøyer eit ledd litt ekstra, endrar trykket seg raskt. Då kan det danna seg ei lita gassboble i leddvæska. Det er denne raske endringa som lagar den velkjende knekkelyden.

Har du prøvd å gjera det om att med ein gong? Det går som regel ikkje. Du må venta ei lita stund. Det er fordi gassen treng tid på å løysa seg opp att i leddvæska før det kan skje på nytt. Difor kan det gå fleire minutt før same finger kan laga knekkelyd igjen.

Er det farleg?

Dette har forskarar undersøkt fleire gonger. Hos friske menneske finst det lite som tyder på at det å knekkja fingrane aukar risikoen for slitasjegikt.

Men viss det gjer vondt, eller eit ledd plutseleg byrjar å knekkja saman med smerter eller hevelse, bør ein få det undersøkt.

Kjelder: Store norske leksikon, BBC Science Focus