Ein liten refleks kan gjera ein stor forskjell

Han er liten, treng ikkje batteri og kan hjelpa bilførarar med å sjå deg i mørket. Men korleis fungerer eigentleg ein refleks?

Om hausten blir dagane kortare og det blir mørkare både om morgonen og om kvelden. Då er det ekstra viktig å vera godt synleg i trafikken. Men kvifor fungerer eigentleg ein refleks så godt?

Mange trur at refleksar lyser av seg sjølve. Det gjer dei ikkje. Refleksar kan vera laga av plast eller stoff. Dei har bitte små glasperler eller små former som blir kalla prismer, som sender lyset tilbake dit det kom frå.

Ein refleks verkar berre når lys frå til dømes billykter eller ei lommelykt treff han. Då sender han mykje av lyset tilbake dit det kom frå. Derfor ser refleksen ut til å lysa sterkt.

Tid til å bremsa

Når det er mørkt, kan ein person vera vanskeleg å få auge på.

Ein refleks gjer at bilføraren kan oppdaga deg mykje tidlegare. Det gir meir tid til å bremsa eller styra unna dersom det trengst. Sjølv nokre få sekund ekstra kan bety mykje i trafikken.

Kvar bør refleksen vera?

Ein refleks verkar best når han kan røra på seg. Derfor er det lurt å festa han på armen, beinet eller sekken. Då blir han lettare å leggja merke til enn om han heng heilt stille.

Har du refleksar på begge sidene av kroppen, er det lettare å bli sett frå fleire retningar.

Sliten eller skitten

Etter kvart kan refleksar bli slitne eller skitne. Då sender dei mindre lys tilbake, og fungerer ikkje like godt.

Dersom refleksen er gammal eller ser sliten ut, kan det vera lurt å byta han ut.

Ein liten refleks kostar ikkje mykje, men kan gjera ein stor forskjell når haustmørket kjem.

Kjelder: Trygg Trafikk, Store norske leksikon, Statens vegvesen 

Bruker du refleks når det er mørkt ute?

Bruker du refleks når det er mørkt ute?

Ja, nesten alltid0
Nokre gonger0
Sjeldan0
Eg gløymer det alltid0
Svar totalt: 0