Folk som bur i Oslo er dårlegast på refleksbruk

EI ny undersøking frå Trygg Trafikk viser at folk som bur i Oslo er dårlegast i landet på å bruka refleks.

– Det er ikkje veldig overraskande at dei er flinkare til å bruka refleks i nord enn i hovudstaden. I storbyane kan mange kjenna ein viss tryggleik med lys frå butikkar og liknande, seier Ann-Helen Hansen spesialrådgivar i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Men, det er viktig å bruka refleks uansett kor ein bur, ifølgje pressemeldinga.

Mange utan refleks

Éin av tre innrømmer at dei har gått eller sprunge ute i mørket utan refleks dei siste to vekene. Det viser ei undersøking gjennomført av YouGov i veke 40 på vegner av Trygg Trafikk.
– Det har for alvor byrja å bli mørkt både morgon og kveld, derfor håpar me langt fleire nyttar dei neste dagane til å finna fram refleksar frå skap og skuffer. Dei aller fleste har husa fullt av refleksar, så det er ingen ting å venta med, seier Ann-Helen Hansen.