Konkurrerer om å vera mest synleg på skulen: – Refleks er kjempeviktig

Hausten betyr at skulevegen er mørkare – både om morgonen og om ettermiddagen. Då er det viktig å bruka refleks, slik at du er synleg og ikkje hamnar i ei ulukke.

Refleksvestar er best: Marielle Vikør Slinde Ahlin (12), Live Barsnes Lærum (12), Theo Hjelmeseter Molland (10) og Stian Slinde (11) fortel at dei brukar heilvest med refleks på skulen, då det er den beste refleksen.

– Refleksar lyser opp når bilar eller andre køyretøy lyser på dei, slik at den personen som brukar den blir synleg, seier Marielle Vikør Slinde Ahlin.

– Når me brukar refleks så viser me at me har respekt for sjåførane. Viss dei køyrer på nokon kan dei føla på skuld, men det er jo ikkje deira feil dersom personen ikkje brukar refleks, seier Live Barsnes Lærum.

– Refleks er kjempeviktig, legger Theo Hjelmeseter Molland til.

Marielle Vikør Slinde Ahlin (12), Live Barsnes Lærum (12), Theo Hjelmeseter Molland (10) og Stian Slinde (11) er elevar ved Norane skule i Sogndal kommune. Dei er enige om at refleksen er ein kjempeviktig del av kvardagen deira no det blir mørkare ute. Kvart år har dei ein egen refleks-konkurranse på skulen.

Hugs å sjekka: Refleksvestane er godt synleg i garderoben på Norane skule. Live fortel at det er viktig å sjekka om refleksen framleis er god, dersom den har vore vaska i vaskemaskina.

– Motivasjon å hugsa refleksen

– Frå haustferien til påskeferien må alle på skulen gå med refleks. Den klassen som greier å gå med refleks kvar dag, vinn ein premie. Alle elevane som har brukt refleks er med i trekkinga av ein premie, seier Marielle.

– Premien blir ein ekstra motivasjon for å hugsa på å bruka refleksen, seier Stian.

Sidan ikkje alle er like heldige å ha ein konkurranse som påminnar om å bruka refleks i mørket, vil elevane at alle skal bli flinkare til å framsnakka refleksen.

Frå 2 til 10 sekundar: Stian fortel at om du bruker refleks, så er du synleg for bilar som er opp mot 140 meter vekke frå deg. Den er med andre ord ein veldig god ting å ha, både for fotgjengar og for dei som køyrer bil. – Har du på refleks har bilisten 10 sekundar på å reagera på at du er i vegen. Viss du ikkje har på refleks, har dei berre to sekundar, seier Marielle.

– Det burde vore meir fokus på refleks i nyheitene. Og så burde me vera flinkare til minna kvarandre på å bruka den, seier Marielle og Live.

For utan refleksen er ein ganske usynleg i mørket, sjølv om det kanskje ikkje følest slik.

– Du trur sjølv at bilane ser deg. Men det gjer dei ikkje alltid. Det hjelper faktisk med dei vesle runde refleksane, også. Dei er betre enn ingenting, seier Stian.

Slik brukar du refleksen rett

  • Fest refleks på alle jakker og sekkar
  • Bruk refleks som rører på seg når du går – då er du mest synleg
  • Heng refleksen i knehøgde
  • Bruk to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
  • Sjekk at refleksen ikkje er veldig ripete – då verkar den dårlegare

Kjelde: Trygg Trafikk