Fleire unge på sjukehus etter å ha teke for mykje smertestillande

Fleire barn og unge blir lagde inn på sjukehus etter å ha teke for mykje smertestillande medisin. No vil legane læra barn og foreldre kor farleg det kan vera.

Ved Sykehuset Innlandet vart nesten dobbelt så mange barn og unge lagde inn etter å ha teke for mykje smertestillande medisin i 2025 som i 2024. Det skriv P4-nyheitene.

Dei fleste som blir lagde inn, er mellom 15 og 17 år. Å ta for mykje medisin blir kalla ein overdose.

Eit rop om hjelp

Kristian Holm er overlege ved barne- og ungdomsavdelinga på sjukehuset i Lillehammer. Han fortel at nokre unge tek for mange tablettar fordi dei har det vanskeleg. Det kan handla om kjærleikssorg, problem med venner eller uro før prøvar.

– Dette ser vi på som eit rop om hjelp, seier Holm til P4-nyheitene.

Giftinformasjonen gir råd når nokon kan ha blitt forgifta. Dei får fleire førespurnader som gjeld barn mellom 10 og 14 år.

Vil informera barn og foreldre

For mykje Paracet kan gi alvorleg skade på levra. Også for mykje Ibux kan gi forgifting.

Sjukehuset Innlandet startar no ein kampanje for elevar og foreldre. Målet er at fleire skal vita kva skadar for mykje smertestillande kan gi.

Sei frå til ein vaksen

Har du det vanskeleg, kan du snakka med ein vaksen du stolar på, til dømes ein forelder, lærar eller helsesjukepleiar. Du treng ikkje stå i det åleine.

Viss du eller nokon du kjenner har teke for mykje medisin, må du seia frå til ein vaksen med ein gong. Ring Giftinformasjonen på 22 59 13 00. Ikkje vent på symptom før de ber om hjelp. Ved alvorlege symptom skal de ringja 113.