Ronaldo skal spela på Ullevaal for første gong

Cristiano Ronaldo (41) er teken ut i Portugal-troppen som skal møta Noreg. Dermed skal den portugisiske fotballstjerna spela på Ullevaal for første gong.

Fakta om Cristiano Ronaldo:
  • Fødd 5. februar 1985 i Portugal.
  • Debuterte for det portugisiske landslaget i 2003.
  • Har spela 233 landskampar.
  • Har skåra 146 mål for Portugal.
  • Spelar for den saudiarabiske klubben Al-Nassr.
LES FAKTALUKK FAKTA

Portugal møtte Noreg på Ullevaal i 2003, men då var ikkje Ronaldo med i troppen. I 2010 gjekk han glipp av kampen på grunn av ein skade.

No kan 41-åringen endeleg få spela på Ullevaal – og møta Erling Braut Haaland på norsk jord. Ronaldo, som spelar for Al-Nassr, nærmar seg også 1000 mål i karrieren, skriv NRK.

Noreg møter Portugal på Ullevaal neste søndag. Laga møtest igjen i Porto 4. oktober.