Visste du at?
Viss ein i dag hadde laga ei lang rekke med all laksenigirien som blir laga i løpet av eitt år, ville den nå 67 gongar rundt jorda.
Kjelde: Norges Sjømatråd
Kva tenker du på når du tenker på sushi? Det første bildet som poppar opp i hovudet ditt er kanskje av ein kokt risball med eit rått laksestykke på toppen. Men slik såg ikkje den japanske matretten ut for 40 år sidan.
Historia til sushi
Sushi er gjerne noko vi tenker på som typisk japansk. Men matretten kom opphavleg frå Søraust-Asia.
Sushi betyr «sur smak». Den første sushien var fermentert fisk pakka inn i ris. Å fermentere er ein måte å få mat til å halde seg lenger.
I Japan laga dei etter kvart ulike former for sushi. Til dømes har makisushi eit lag nori, som er ein sjøalge, rundt seg.
Ei anna form er nigirisushi. Nigirisushi har ein bit fisk oppå ein ball med kokt ris. Denne fiskebiten er ofte norsk laks.

Sushi i dag: Typisk japansk, med ein smak av Noreg
Rå laks kan innehalde farlege parasittar. Parasittar er små organismar som kan gjere deg sjuk. I Japan var det ingen fram til 1980-talet som åt rå laks som sushi. I staden likte dei betre å ete rå tunfisk, torsk og kveite.
Uheldigvis var det lite tunfisk i havet utanfor Japan på 1980-talet. Japan måtte derfor kjøpe fisk frå utlandet for å lage sushi.
På same tida hadde Noreg begynt med oppdrett av laks. Noreg hadde derfor mykje laks å selje til utlandet.
Norske myndigheiter måtte jobbe i ein del år for å få japanarane overtydde om at norsk laks var trygg å ete rå. Men i løpet av 1990-talet var det myndigheitene kalla «Prosjekt Japan» ein suksess. Den japanske risbiten hadde fått ein ny følgesvein, nemleg laks frå Atlanterhavet utanfor Noreg.

Kjelder: Store norske leksikon, Norges Sjømatråd






















