EU vil ha felles 13-årsgrense for sosiale medium

Dersom EU-forslaget blir vedteke, får ikkje barn under 13 år ha eigne kontoar på sosiale medium. Barn frå 13 til 15 år må få lov av foreldra.

Barn mellom 13 og 15 år skal berre kunna ha eigne kontoar med godkjenning frå foreldra i dei 27 europeiske land som er medlem i EU. Kontoane skal også ha avgrensa funksjonar og vera tryggare for unge brukarar, skriv NRK.

Noreg er ikkje medlem av EU, men samarbeider tett med unionen gjennom EØS-avtalen. Derfor kan fleire av EU-reglane også bli gjeldande i Noreg.

Trygg bruk

Forslaget blei lagt fram av presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen. Ho meiner at dei store teknologiselskapa må ta større ansvar for å verna barn mot skadeleg innhald og funksjonar som kan gjera brukarane avhengige.

– Europa har makta til å handla. Det er me som bestemmer reglane, ikkje «big tech»

Det sa von der Leyen då ho la fram forslaget.

Store endringar

Dei aller største og mektigaste teknologiselskapa i verda blir ofte kalla «big tech». Meta, som eig Facebook og Instagram, Google, Apple, Amazon og Microsoft er døme på slike selskap.

– No kan me få kraftig regulering av tekgigantene. Og det at EU også no er så tydelege på det, vil bety mykje for Noreg, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til NRK.

Forslaget må diskuterast og godkjennast av medlemslanda før det eventuelt kan bli ein ny lov.