Regjeringa: Nye anbefalingar for skjermbruk blant barn og unge

Måndag lanserte regjeringa nye råd når det gjeld barn og unge sin bruk av skjerm.

Dei nye anbefalingane som no er lagt fram, byggjer vidare på Helsedirektoratets skjermråd som blei lansert i januar i år.

Medan Helsedirektoratet sine skjermråd i hovudsak omhandlar skjermbruk på fritida, dekkjer dei nye anbefalingane også barn sine digitale liv på skule og SFO.

I tillegg går myndigheitene tydelegare inn for å avgrense barn sin tilgang til internett, og det blir åtvara mot bestemte tenester og appar.

– Skjermbruk påverkar søvn, helse, leik og sosial aktivitet. Derfor har regjeringa fått på plass faglege, nasjonale skjermråd, og i dag gjer vi dei enda meir oversiktlege og tilgjengelege, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.

Råda er retta mot foreldre og føresette.

Dette er nokre av anbefalingane for barn og unge mellom 6 og 12 år:

  • Det blir anbefalt maks 1–1,5 timar skjermtid per dag.
  • Pass på at barnet sin skjermbruk ikkje går ut over viktige ting i kvardagen, som søvn, fysisk aktivitet, skulearbeid, leik, lesing, måltid og tid saman med andre.
  • Ein del plattformer kan auke sjansen for at barn kjem i kontakt med kriminelle nettverk, skadelege nettmiljø eller nokon som gir seg ut for å vere andre. Det gjeld sosiale medium som Snapchat og Discord, nettsider som Chatroulette og spel med chatfunksjonar som Roblox og Fortnite.
  • Pass på at skjermbruk helst skjer i fellesrom, så det er enklare for foreldre å følgje med.
  • La måltid og fellesaktivitetar vere skjermfrie. Her kan vaksne gå føre med eit godt eksempel.
  • Unngå at barnet bruker skjerm den siste timen før leggetid, og hald barn sine soverom skjermfrie for å gjere det lettare å roe ned og sovne.
  • Skulen bør ha eit filter på nettverket sitt for å beskytte elevane mot skadeleg innhald i skuletida.

Dette er nokre av anbefalingane for barn og unge mellom 13 og 18 år:

  • Anbefaler maks 1,5-3 timar skjermtid per dag.
  • Det er viktig å vere klar over at nokre plattformer blir brukt til sal av narkotika, som i lukka grupper på Snapchat og appar som Signal, Telegram og Whatsapp.
  • Foreldre blir oppmoda til å snakke saman om å vere trygg på nettet før dei gir barnet sitt eigen telefon og tilgang til sosiale medium og meldingstenester.
  • Det blir anbefalt at ungdomsskular kontrollerer bruken av private mobiltelefonar og smartklokker nøye. Som hovudregel bør skulen vere mobilfri også i friminutta.

HER kan du finne alle skjermanbefalingane til regjeringa.