Jorda er grunnlaget for maten me et. Ho lagrar vatn, karbon og næringsstoff og er heim for ein stor del av livet på jorda.
Forskarar reknar med at meir enn halvparten av det biologiske mangfaldet i verda finst under bakken.
Underbukser og teposar
I 2021 grov 1000 frivillige ned meir enn 2000 underbukser av bomull på rundt 1000 ulike stader i Sveits, melder Universitetet i Zürich i ei pressemelding.
Dei grov også ned 12.000 teposar. Prosjektet blei leia av Universitetet i Zürich og forskingssenteret Agroscope.
Etter to månader blei underbuksene grave opp igjen. Dei frivillige tok bilete av dei og sende dei til eit laboratorium saman med jordprøvar.
Nokre av underbuksene var nesten heilt nedbrotne, medan andre framleis var nokså heile.

Livet i jorda et opp bomullen
Det lever mange små organismar i jorda, mellom anna meitemakkar, sopp og bakteriar. Desse bryt ned bomullen.
Jo meir aktive organismane er, desto raskare blir underbuksa broten ned. Derfor kan nedbrytinga fortelja forskarane noko om kor mykje biologisk aktivitet det er i jorda.
Raskast nedbryting i hagar
Forskarane fann ut at måten jorda blei brukt på, hadde mest å seia for kor raskt underbuksene blei brotne ned.
Det gjekk raskast i private hagar. Der fann forskarane også mest organisk materiale, som gir gode forhold for livet i jorda.
Organismane var minst aktive i plenar. Åkrar og enger hamna ein stad imellom. Kjemiske eigenskapar i jorda, som mengda næringsstoff, hadde også mykje å seia.
Forskarane meiner at ein kan hjelpa livet i jorda ved å halda henne dekt, bruka kompost, variera kva ein dyrkar og avgrensa bruken av kunstgjødsel og plantevernmiddel.

Mest nedbryting er ikkje alltid best
Ei underbukse som blir raskt broten ned, kan vera eit teikn på fruktbar jord med mykje næring. Det kan vera bra når ein skal dyrka mat.
Men svært rask nedbryting er ikkje alltid positivt. I skogar og andre naturområde kan mykje næring vera eit teikn på at den naturlege balansen er forstyrra. I hagar kan det tyda på at ein bruker for mykje gjødsel.
Temperaturen og kor fuktig jorda er, påverkar også livet under bakken. Dersom det er for kaldt eller tørt, er organismane lite aktive.
Vil laga ein underbukseindeks
Forskarane foreslår no å laga ein «underbukseindeks». Ein indeks er ein måte å måla og samanlikna noko på.
Ved å sjå kor mykje underbuksene er brotne ned, kan ein samanlikna kor aktive organismane i jorda er på ulike stader. Slik kan underbuksene visa kva som skjer i jorda.























